Produsent

Stevi Planteskule

I jordbrukskommunen Vindafjord i Rogaland ligg Stevi Planteskule, full av småplanter og ferdigvarer, nåletre, Rhododendron og andre vintergrøne som er deira spesialitetar. Dei leverer planter i heile landet opp til og med Trøndelag. På grunn av auka smittepress frå import, legg dei stor vekt på førebygging og reinhald i drifta. Dei har difor ikkje importert planter på mange år, og kvar einaste plante dei leverer, er laga lokalt på planteskulen.
Stevi Planteskule

Planteskulen si historie

Namnet Stevi har sin opprinnelse frå då Reidar Kolltveit starta planteskule under namnet Stevi Planteskule i København i 1968. Stevi kjem frå danske «stedsegrønne» og «vidarekulturplanter».

Reidar Koltveit var sjef sidan den gongen og fram til 1. januar 2012 då det vart generasjonsskifte og sonen Håkon Børre og kona Silje tok over. Dei er begge utdanna gartnarar og har vore i faget i over 27år.

Driften hos Stevi Planteskule

Stevi Planteskule driv med stiklingsformeiring. Dei stikk i varmhus med undervarme og tåkeformeiring, og når stiklingane har rota seg, pottar dei dei opp i 9 cm potter. Etter ein sesong blir dei klyppte og potta opp i 1 liter potter, og etter ein til to vekstsesongar kan dei selgjast. Dei har sett eit behov for å laga flere av plantene ferdige og etter fleire harde vintrar er mesteparten av produksjonen flytta inn i plasthus. Dei nå har 500 m² glasshus til formering o.l., og omlag11.000 m² plasthus til vidare dyrking. Utearealet er for det meste til morplanter.

Stor import av planter til Norge gir eit aukande smittepress av sjukdomar og skadedyr, mellom anna Phytophthora ramorum, og sjølv om Stevi ikkje har importert planter på mange år, tek dei alle forholdsreglar i produksjonen. Dei damper alle brukte potter, tek ikkje brukt treemballasje i retur og høgtrykkspyler plasthusa med varmt vatn mellom kvart hold planter. Dette fungerer også godt mot ugras.

busker hos Stevi planteskule
produksjon hos Stevi Planteskule

Galleri

Kontaktinformasjon

Adresse

Kun engrossalg, besøk kun etter avtale.
Haukelivegen 481, 5576 Øvre Vats

Kontakt